Eit glytt av støvet i gamle skattkista mi

Illustrasjonsfoto: Morten Hernæs / KI – Adobe Firefly
Frå skulen hugsar eg mest berre diktarar frå dei vide dalar, djupe skogar, rimkalde vinter eller svalande fjellsumar. Er det berre eg som er kunnskapslaus? Kan det vera at grubling og ettertankar er ei eiga sportsgrein på viddene, i bratte lider eller djupe dalar? Den mørke og tunge skogen kan stemma sinnet i dystrare retning. Innlandskulturen er tung av odel og tradisjon. «Me gjer som me er vane med» vert det sagt, fokus er vendt baketter. Er det sjølve livskåra på kysten som legg band på ettertanken? Tanke og handling må temjast skal du leva med eit viltert verlag, kjempa mot dei stadige omskiftingar, tola tap av reidskap, mannskap, familiemedlemmer og forventingar. «Skal me prøve noko anna?», vert omkvedet. Det gamle er ikkje framtida. Innføring av nye fiskemetodar, utvikling av ny teknikk og kritikk av tradisjon, avlar pågong, ikkje grubling. Kyst-Noreg er ein motor av vågemot, sigrar og nederlag. Fiskarbonden kunne ikkje sitja inne på småbruket om vinteren og fyra i omnen og fora ei ku og fem sauer. Den vesle garden var ikkje til å leva av, heller ikkje å døy av. Ein laut ut på havet, vindfullt, båretungt og krevjande. Poesien fekk heller venta.